Fjelltrim 2019

Årets fjelltrim er godt i gong. Du kan lese meir her om fjelltrimmen og turinfo.

FJELLTRIM 2019

Fjelltrimmen 2019 er godt i gong. Som tidlegare år så blir det trekking på kvart turmål. Vi har 14 turmål som vi les av kvar haust.

Desse er:

Myrvåg: Rjåhornet, Nakken, Huldrehornet, Dyrkyrkja, Rambjøra, Stemmedalsvatnet, Djupvikhaugen

Tjørvåg: Sollia, Nonshornet, Sandvikskaret, Skåla, Sandvikhornet, Øyrahornet, Rysseviktua

Skriv deg i turboka når du er på desse stadane og du er med i trekkinga til hausten.

Du finn no oppdatert kart og turinformasjon både på Facebookgruppa vår "Til Topps med Tjørvåg IL": https://www.facebook.com/groups/1648047775411894/ og på Web Tjørvåg IL - Trim https://web.spoortz.no/portal/public/showContentCategory.do?id=948493934

På Facebook finn du under album info om alle turmåla. https://www.facebook.com/groups/1648047775411894/photos/?filter=albums

Vi set pris på om du delar turopplevingane dine på Facebookgruppa vår. Gjerne med bilder :) du kan også # turstiprosjektet_myrvåg _og _tjørvåg på instagram.

Vi ønsker alle eit flott turår 2019

HAR DU LYST Å STØTTE ARBEIDET TIL TRIMGRUPPA/TURSTIPROSJEKTET?

Vi set pris på all støtte vi kan få. Ikkje alt kan gjerast med dugnad, derfor treng vi støttespelarar/sponsorar som gjer at vi kan fortsette arbeidet vårt bl.a med å merke fleire stiar, nye turmål med kasse og vedlikehald.

Du kan støtte på fleire måtar:
VIPPS # 516938 Tjørvåg IL Trimgruppa
Konto nr: 3910 49 85142
OBS: Merk innbetalingane med «støtte trim»

Vi treng sponsorar til turbøker, gevinstar til fjelltrimmen mm. Er du interessert så ta kontakt med leiar
Elin Hundsnes mobil 918 52534 eller epost elin@tussa.com

Tusen takk til deg som vel å støtte oss.

Sponsorar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift