Medlemsavgift 2019

Purring pågår

Jølster Idrettslag sende i januar i år ut epost til alle medlemmer med melding om at faktura for medlemsavgift for 2019 var å finne på MinIdrett.
Medlemsavgift er ei viktig inntekt for idrettslaget og avgjerande for at aktiviteten i laget skal oppretthaldast.
Alle som er aktive i ei av våre 12 grupper skal betale medlemsavgift til idrettslaget, i tilegg til evt. treningsavgifter til si gruppe.
Ut over det, kan ein vere støttemedlem, utan å vere knytt til ei gruppe.
Medlemsskapet ditt kan du administrere på Min Idrett, https://mi.nif.no/
I desse dagar går det ut purring til dei som ikkje har betalt.
Purringa vil også no komme på epost, men denne gongen vil fakturaen ligge som vedlegg til eposten.
Jølster idrettslag vonar at dette vil forenkle innbetalinga.
Dersom du er/ønskjer å vere medlem, og ikkje mottek epost med info om betaling av medlemsavgift, kan du ta kontakt med Jølster IL, på jolster.il@enivest.com

Facebook

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift