A-laget: Vartdal - Tjørvåg

1.mai er ein ypperleg dag for fotball.

Tjørvåg sine herrer tek turen til Vartdal og den nye bana deira. 15 spelarar er i troppa, så det blir bra. Ein ny spelar er også, Oddbjørn Myrvågnes. Han har dei siste åra hatt Hødd som sin klubb. Velkomen tilbake til Tjørvåg IL!

Vartdal spelte ikkje kamp i første runde, så dette blir deira sesongopning. Tjørvåg på si side tapte 2-5 mot Åmdal etter scoring av Tobias T. og Remi.

Kampstart på Vartdal kl. 18.30 for dei som ønskjer å ta turen.

 

Sponsorar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift