Fair play-kamp Bremnes 3-Trott

Månadens Fair play-kamp for gutar i april var Bremnes 3 mot Trott i gutar 13 i 2. divisjon avdeling 2.

MÃ¥nadens Fair play-kamp Bremnes 3 - Trott G13
(Sjå fleire bilete i vedlegga til høgre)

Første seriekamp for sesongen, ny spelform med 9-arfotball frå 16 til 16, offside, strålande vårvèr, flotte rammer og mykje spenning i lufta før Fair play-kampen mellom Bremnes 3 og Trott.

Før kampen møtte begge laga og trenarar til eit Fair play-møte med kretsen sine Fair play-instruktørar Grethe Fadnes og Anne Helene Vestbøstad. "Gleder du deg til kamp?" "JA" svara dei i kor, og tema for samtalen vart sett. Gutane blei utfordra på kva Fair play er for dei og kva det er som skal til for at ein fotballkamp skal bli ei god oppleving for alle involverte: spelarar, trenarar, dommar og publikum. Ein av spelarane sa at det ikkje er Fair play å juksa og ein meinte at alle måtte smila meir i løpet av kampen. Då ville kampen bli ei god oppleving for alle uansett resultat.
Bremnes opna best og rulla opp det eine angrepet etter det andre, men keeperen til Trott var i det umoglege hjørnet og redda det som kom forbi eit hardarbeidande Trott-forsvar. Det var litt mot spelets gong at Trott gjekk opp i leiinga etter scoring av Erlend Herre Kvinge, men Bremnes kom tilbake og Emanuel Christensen ordna 1-1 før pause. God innsats og positiv steming både på og utenfor banen prega dagens kamp, noko dagens dommar Peder-Martin Jensen stadfesta i pausesamtalen med Fair-play-instruktørane. Begga laga fekk servert frukt i pausen og det var kaffi og kaker til publikum. God stemning.

Andre omgang blei målrik og spelet bølgja fram og tilbake, men den gode stemninga holdt seg kampen ut. Då dommaren bles i fløyta stod det 7-4 til Bremnes. Målscorarar i 2.omgang for Trott var Sivert Dahlgren (3) og for Bremnes Emanuel Christensen (3), Sebastian Paulsen (2) og Severin Skreslett (1).

Laga gjennomførte Fair play-helsing og tok ei felles samling i midtsirkelen saman med dommar, trenarar og kretsen sine instruktørar. Det var mange smil å sjå og alle var nøgde med korleis dei hadde gjennomført kampen med fokus på Fair play, smila meir og halda på den gode stemninga. Alle fekk utdelt ei gave frå NFF Hordaland før begge laga fekk servert saft, bollar, frukt og kake på tribuna.

Både Trott og Bremnes har nye Fair play-ansvarlege, som begge deltok på arrangementet. Bremnes hadde laga flotte rammer rundt kampen og publikum, spelarar, trenarar, dommar og Fair play-instruktørar kosa seg i vårsola på Olvondo stadion denne tysdagsettermiddagen i april.

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift