NHIL 60-årsfeiring

Sundag 2.juni feirer Nordre Holsnøy IL at idrettslaget er 60 år. Klubben vart stifta 31.05.1959. Frå kl. 12-15 vert det program i Leirdalen med mykje moro for liten og stor. Les her for å finne ut meir!

Sundag 2.juni kl. 12-15 feirer idrettslaget sin eigen 60-årsdag i Leirdalen. Alle er invitert! 
Me har bestilt knakande fint vêr og kan lova god underhaldning for liten og stor. 

Program for dagen:
- velkommen
- presentasjon av NHIL sine lag i handball og fotball
- turnering i handball og fotball for alle som ønskjer å vere med (alle får premie)
- "hånd-fot"-kamp mellom A-laget i handball og A-laget i fotball. 
- bursdagskake + grilling av pølser og utdeling av saft (klubben spanderar)
- premieutdeling for div. aktivitetar som har gått gjennom dagen. 

Gjennom heile dagen vil klubbhuset vere opent og det vil verte arrgangert ulike leikar og konkurransar på bl.a. grusbana. 

Sett av sundag 2.juni kl. 12-15 og ta med heile familien, naboar og andre kjente til feiring av idrettslaget vårt!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift