God seriestart for jenter 13

Fyrste kampen i årets sesong. Du kan lese meir her.

Bak: Jan-Rune (hjelpetrenar), Naomi, Iselin, Melina, Emma og Alec (hovedtrenar)

Framme: Ida-Mari, Josefine, Oda, Isabell, Elvira og Selma.

 

Tirsdag var det klar for den aller fyrste kampen med tabell for dei dyktige jentene på samarbeidslaget Tjørvåg, Moltustranda og Gurskøy.

Det var tydelig at dei har hatt ei god oppkjøring i vinter saman med Alec, Jan-Rune og Kareema. Vi kunne glede oss over flott pasningspel og ein iherdig innsats av alle jentene.

Målsjangsane vart mange, til pause stod det 1-2 til jentene våre etter mål av Naomi og Elvira.

Etter kvilen vart det raskt 1-3 etter nok eit mål frå Elvira. Laget fortsatte det gode spelet frå 1. omgong og Elvira putta 2 mål til. Dermed sluttresultat 1-5.

Sponsorar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift