Seniorkampar i veke 19

Tysdag og onsdag skal herrane spele kamp, begge laga mot Bergsøy.

7ar laget møter Bergsøy 4 på heimebane tysdag kl. 19.00. Karane hadde sin første kamp for sesongen på laurdag mot Vanylven. Dette var ein jamn kamp som Tjørvåg til slutt vann 3-4. Den avgjerande scoringa kom på corner direkte i mål, utført av trenar Per-Magne! Dei andre målscorarane var Edvard Berner, Daniel N. og Remi.                                                  

11ar laget hadde ikkje ein like kjekk kamp borte mot Vartdal. I regn og sludd vart det tap 10-1 etter scoring av Adrian. Sjølv om det vart eit stort tap, gir det eit noko urett bilete av kampen. Vartdal var klart best, men det var ikkje ei overkøyring slik resultatet ser ut til. 

 

 

Vi ønskjer begge laga lukke til!

 

Sponsorar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift