Sogndal Fotball

Fotball For Alle

Fotball For Alle

Sogndal Fotball har oppretta Fotball For Alle slik at barn og unge kan delta i aktiviteten i lokalmiljøet sjølv om ein er forhindra frå å dekke den økonomiske forpliktelsen. I 2023 kan det søkast om å få dekka deltakaravgift på Akademiet, fotballcuper, treningsavgift på lagsnivå og for treningsutstyr.

Det er ikkje alltid lett for familien sjølv å søka, me set pris på om trenarar og lagleiarar også involverar seg og gir beskjed til klubben dersom det er barn eller unge som ikkje deltek på aktivitetar, men som kunne ønska seg det.

Søknad om Fotball For Alle sendast til administrasjonen ved Kristian eller Kari:

  • Kristian@sogndalfotball.no
  • Kov@sogndalfotball.no


Søknaden skal innehalde:

  • Personen sitt namn
  • Personen sin fødseldato
  • Kva det søkes støtte for (akademi, fotballcup eller treningsavgift)
  • Namn, adresse og e-post til føresett.
  • Namn og rolle (dersom ikke forelder kan det f.eks. vera lagleiar eller trenar) på personen som sender inn søknaden.


I tillegg til Fotball For Alle, har Aktivitetsguiden SIL etablert ei støtteordning for spelarar som treng ekstra oppfølging i våre aktivitetar. Oppfølging kan til dømes vera følgje til/frå trening, bekledning og/eller språkstøtte for framadspråklege. Aktivitetsguiden kan kontaktast på: aktivitetsguide@sogndalidrettslag.no

For meir info, sjå: https://www.sogndalidrettslag.no/aktivitetsguide

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift