Risnes IL

Fjelltrimposter 2024

Fjelltrimposter 2024

Sommarpostar:

  • Starter: 1. april 2024
  • Slutter: 31. oktober 2024

Vinterpostar:

  • Starter: 1. november 2024
  • Slutter: 31. mars 2025

Arrangør: Risnes Idrettslag v / Fjelltrimgruppa


Deltakaravgift:

  • Barn til og med 14 år : kr 50,-
  • Frå 15 år og oppover : kr 150,-


Betal med VIPPS eller bankkort (debet eller bankkort) i appen

For å delta må du laste ned Trimpoeng appen på mobilen din og finn Risnes IL Fjelltrimgruppa, og meld deg på Fjelltrimposter 2024. Appen er gratis, men du må betale deltakaravgift for å delta i konkurransen.

Merk at det må gå 8 timar mellom kvar gong ein registrerar seg på same posten. Kontaktpersonar for appen er Espen Angeltvedt mob. 918 17 236 og Rune Romarheim mob. 992 54 895

Konkurransen er for Alle, men premiering blir kun for medlemmer i Risnes Idrettslag. Visst ein ikkje er medlem, men ynskjer å bli kan ein registrere seg her: https://medlemskap.nif.no/Start/Index/25583

Meir info finn du her: https://www.risnesil.no/portal/public/showContentC...

I år ligg det ute totalt 63 poster på Appen, så det er mange poster å velge i. Dei fleste postane er merka i terrenget, og dei fleste har gps-spor, men er det nok nokon av turane som fortsatt ikkje er merka skikkeleg. Me vil prøve å rydde og merke etterkvart. Er det nokon som kan tenkje seg å hjelpe til med det så er me takksame. Berre gje ein lyd til ein i gruppa.

Premiering blir slik – basert på poeng i forskjellig aldersgrupper:

  • Klasse 1: 0 - til og med 11 år 50 poeng
  • Klasse 2: Ungdom frå 12 - til og med 16 år 100 poeng
  • Klasse 3: Vaksne frå året ein fyller 17-69 år 150 poeng
  • Klasse 4: 70 år og oppover 100 poeng

Det er i tillegg premiering i fylgjande kategoriar:

20 forskjellige poster i appen:

For kun Barn 0-16 år som klarer kravet er med i trekning av ein premie

Topp 5 turar i Masfjorden:

Alle klassane – dei som klarer kravet med å gå alle disse 5 er med i trekning av ein premie

Gjelder desse postane:

  1. Sandnesvatnet
  2. Litlefjellet Matre
  3. Torsvikåsen
  4. Kopelhaugane
  5. Lauveidrusta


Topp 10 turar i Masfjorden:

Alle Klassane – dei som klarar kravet med å gå alle disse 10 er med i trekning av ein premie

Gjelder desse postane:

  1. Lykelen
  2. Torsteinshytta
  3. Håvarden
  4. Skarpefjellsnakken
  5. Trodalsnova
  6. Matrenipa
  7. Stendarskarfjellet
  8. Vardefjellet (Bergsvik)
  9. Snaufjellet
  10. Sleirsfjellet


Så no er det berre å registrera seg og ha nokre fine turar i sommar- og haustmånadane! 😃

Det kjem også til å komme ein eigen vinterkonkurranse.

Hugs å lata att grindar, og at det er bandtvang for hundar (same kor snill hunden er)!

Fjelltrimgruppa:

  • Hanne Sofie Ynnesdal Halland – leiar
  • Espen Angeltvedt
  • Rita Birkeland
  • Elin Astrid Sletten Borge
  • Geir Inge Høgås

RISNES IDRETTSLAG
5986 HOSTELAND

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift