Risnes IL

Om Risnes IL

Om Risnes IL
RELATERTE NYHETER
Grasrotandelen

Risnes Idrettslag vart stifta 01.01.1955 og feira 60 årsjubileum i 2015

Laget har vel 185 medlemmer i alle aldersgrupper og variert aktivitet innan fleire idrettsgreiner.

Idrettslaget legg kvart år til rette for varierte fjelltrimpostar i den flotte Masfjordnaturen og det er kvart år særs mange som set sin signatur i dei mange fjelltrimbøkene. Gruppa legg og ut sykkelpostar og vinterpostar i området Nordbygda skulekrins

Volleyball har lang og god tradisjon i laget. Kvar måndag gjennom haust og vinterhalvåret trenar damene i gymsalen på Nordbygda skule. Dei har lag i serie, der dei møter lag frå Nordhordland og Bergensområdet.

Kano og klatring er populære aktivitetar i laget. Klatreveggen i Hatlevik er tumleplass for klatring, der det er tilrettelagt og vert arrangert aktivitetsdager. Kanoer vert plassert ut av idrettslaget i vår og sommarhalvåret- stadene vert annonsert. Kanoane er til låns for medlemmene i laget.

Kvar måndag er det basistrening med god gamaldags sirkeltrening i gymsalen på Nordbygda Skule. Etter 2 runder er det stafett og ballspel. Her deltek det gjerne 20- 30 kvar gong i alderen 9 – 65 år.

Skiidrett har tradisjon i laget og det vert arrangert skirenn ved greie forhald. Dei siste åra har laget vore med i Telenorkarusellen. Det vert arrangert barmarkstrening på haustparten, der ungdommane sjølve har regi på treninga.

Sleirsfjellet Opp er det største arrangementet til idrettslaget og det største idrettsarrangementet i kommunen. Motbakkeløpet samlar unge –som eldre og rundt 30 frivillige sørger for eit godt gjennomført folkehelsearrangement.

Risnes IL har 3 æresmedlemmer:

Håkon Torsvik

Elin S.Borge

Tone Haugsvær

RISNES IDRETTSLAG
5986 HOSTELAND

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift